
Plassen ligg på ein fjellgard like ved vår kennel i eit stille og naturskjønt fjellområde, ca 900 moh. Her kan du nyte stilla og boltre deg i mykje flott natur heile året. Det er mange molegheiter for turar rett utanfor døra.
Som gjest hos oss har du tilgang til badestamp og badstoge. Vi har òg utleige av sykkel, kajakk og båt.
Våre gjester er sjølvsagt velkomne til å besøke vår kennel og helse på hundane våre.
Haukeli Husky Bed & Breakfast er ope frå 1. juni til 31. august.
Vi byr på ei god natts søvn i gode senger, ein velsmakande, tradisjonell norsk frukost, sett i landlege og naturskjønne omgjevnadar.
Alle romma har felles bad.
Som gjest hos oss, har du tilgang til fleire stuer, eit velutstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, to bad, eit ekstra toalett og dusj, vaskemaskin og tørketrommel.
Det er òg ein hage du kan bruke med utemøblar og grill.
Vi har tre hytter. Dei ligg ved vår kennel og er godt utstyrt med kjøkken og bad.
Fjelly: Hytta har ein stor, fin terasse og sengeplassar til 6 personar, ein hems, stue/kjøkken og bad. Leigeperiode: heile året.
Tverrfjell: Hytta er det gamle våningshuset på garden. Den har sengplassar til 8 personar, to stuer, kjøkken og bad. Leigeperiode: september – juni
Tjønndalen: Hytta har sengplassar til 5 personar, stue, kjøkken og bad. Leigeperiode: september- juni.
For meir informasjon om aktivitetar hjå Haukeli Husky, sommar som vinter, klikk deg inn her!
Adresse: Arabygdvegen 800, 3864 Rauland
41 51 13 04
post@hundespann.no
Sesongkortsalget er i gang! Nå kan du sikre deg vinterens beste deal: Kjøp sesongkort 31. oktober og få 10% rabatt! Skisesongen nærmer seg med stormskritt,
ChatGPT sa: Takk til alle som deltok i søppelplukkekonkurransen gjennom sommeren! Sammen har vi bidratt til et renere og triveligere nærmiljø – innsatsen deres har
Haukelifjell Skisenter søker etter deltids ansatte til helger og ferier for kommende vintersesong 25/26. Ny sesong er rett rundt hjørnet og vi ønsker gode folk
Høsten på Haukelifjell skisenter byr på langt mer enn vakker fjellnatur og frisk luft – her finnes det et mangfold av aktiviteter for hele familien.
Booking via e-post eller telefon.
Vi utfører vedlikehald på nettstaden, for gje deg en enda betre brukaropleving!
Overnatting kan mangle tekst, bilete og info.